onsdag 9. juni

Tusen takk for det lange brevet eg fekk, eg får vel skriva eit like langt igjen da. Det er onsdag i dag og veit du at lille guten vår har fått første tanna si da. Ho begynte å komme på halvtårsdagen. Han var et halvt år den dagen du ringde.
Nå skal du høyra, at tanta mi, som vi fekk barnevogna hos, ho har også ei sportsvogn som vi skal få, så den skal eg og mor mi inn å henta i morgen. eg tenkte at vi skulle sleppa å dragse på vogn denne gongen, men når vi får ho gratis, er det ingenting å sei på det.
Eg tok å klipte litt av håret mitt ein dag og. Så nå går det berre ned på skuldrane, kanskje litt lenger. Du har vel ikke tatt skjegget vel?
Eg syns det er litt lenge igjen til du komme hit. Men det går vel fort tenker eg. Det gjer berre godt å væra frå kvarandre ei stund og. Men eg savner deg likevel. Er er spent på å sjå om han kjenner deg igjen. Det blir nå over en måneds tid veit du. Du husker vel å ta med deg fotoapparatet opp, og så bilda då. 
Stor klem fra meg og guten. vi er litt glade i deg veit du!